Berserk

by Øystein Runde

Other authorsØystein Runde (Illustrator), Øystein Runde (Cover artist)
Hardcover, October 29, 2018

Description

Rå teikneserieroman Ó.r er krafta som fyller skaldane. Som fyller båtbyggarane når dei vaknar midt på natta og veit korleis eit nytt skip skal byggjast. Ó.r er Odin som snakkar gjennom oss. Som skaper gjennom oss. Som syng i oss og gjer livet verd å leve. Og Ó.r er krafta som gjer at berserkane ikkje kan drepast med stål. Gi deg sjølv til Odin, og godta kva gåve han enn velgjer å gi tilbake: Skaldekunst. Båtbygging. Ølbrygging. Eller berserkersinne. Hardt skada etter slaget ved Svolder, og med behov for persisk silketråd til å sy såra sine, må Olav Sleggja vende tilbake til huset foreldra hans døydde i. Men området er ikkje lenger trygt: Tre svært ulike grupper av berserkar, hemningslause krigarar som drep for eit par øre, har slått seg til rundt den rike hamnebyen Helsingborg. Snart er Sleggja nøydd til å velgje kven av dei tre berserkargruppene han vil ta parti med, og uansett kva side han tek, vil det ha ein pris...… (more)

Original language

Norwegian (Nynorsk)

Physical description

128 p.; 25 inches

Publication

Oslo Gyldendal 2018

Pages

128

ISBN

9788205508477

Library's rating

Library's review

Eg burde vel kanskje ha venta meg det etter "Futen", men eg er _veldig_ imponert. "Berserk" er smart utforma, spanande, vittig, kul og ei herleg blanding av realisme og beintøff overdriving. Ei skikkeleg perle av ein teikneserieroman, og eg går no umiddelbart og bestiller "Soga om Olav Sleggja"
Show More
for å få lese del 1 òg.
Show Less

Rating

(1 rating; 5)
Page: 0.1185 seconds