Oora og Gaios

by Liv Margareth Alver

Other authorsJudith Allan (Cover artist)
Paperback, 1982

Original language

Norwegian (Bokmål)

Publication

Oslo : Gyldendal, 1982

Pages

141

ISBN

8205140057 / 9788205140059

Library's rating

Library's review

Forboden kjærleik mellom ei jente i eit førindustrielt samfunn og ein oppdagingsreisande frå stjernene. Velskreven, men relativt føreseieleg. Sluttkapittelet som viser korleis hendingane vart hugsa i etterkant er ein flott ide, men litt keisamt utført -- fleire små detaljar burde vore endra
Show More
eller gløymt for å gjere det meir spanande lesing. Boka er veldig kort og lettlesen, men bruker langt over to tredjedeler av sidene på å leggje brikkene på plass før ting endeleg skjer (og då har det vore i korta så lenge at det ikkje er særleg overraskande). Dette hjelp rett nok med å byggje opp romansen som plausibel og verkeleg, men det burde vore mogeleg å ha konflikt og dramatikk overlappe litt meir med den, slik at ting byrjar skje omtrent halvveges gjennom boka i staden for berre i dei siste tretti (av 140) sidene.

Men med tanke på at eg las den på tre kveldar og kva ein rimeleg kan ventast å få plass til på 140 sider var dette ein lettfattleg, sjarmerande og relativt minneverdig lita science fiction-romanse. Tommelen opp.
Show Less

Rating

(1 rating; 3)
Page: 0.137 seconds